|
Ågotnes i Fjell Kommune på Sotra
Ågotnes er ein av tettstadane i Fjell Kommune og har ca 1000 innbyggjarar, bygda har tradisjonar i fiske, jordbruk og industri. På byrjinga av 1900 talet sette Giertsen i Bergen opp eit notbøteri for fiskeflåten sin her. Dei fleste menn frå Ågotnes på den tida var engasjerte i fiskeriet og nokon av dei hjå Giertsen. Notbøteriet skaffa arbeid til mange, menn og kvinner, i periodar var det hektisk med bøting, vasking, farging og tørke av nøter. Her var drift til fram på 1960 talet. På mange måtar kan ein seie at dette vel var byrjinga på eit stort industrieventyr på Ågotnes.
Industrigrundaren Namtvedt frå Bergen starta opp med ferdighusfabrikk på området ved sida av notbøteriet, Namtvedt var også selskapet som starta oljeeventyret på Ågotnes.
Tidleg på 1970 talet vart det nemleg beslutta å bygge ein forsyningsbase for oljeindustrien i Nordsjøen på Ågotnes. Oljeleitinga på Tampenområdet utanfor kysten kravde store ressursar på land og ei storstillt utbyggjing vart sett igang. Dermed var tilgang på arbeidsplassar sikra, og mange som leid under svikten av fiskeriet fekk seg jobb på land. Eit heilt fjell vart sprengt vekk for å gje plass til kaiar og lagringshallar, vegar og nettverk av service og forsyningsbedrifter kom på plass.
Det er ingen tvil om at dette hadde stor effekt for heile regionen og gar nok sikra utvikling og oppgangstider for Ågotnes. Fjell Kommune er i dag den kommunen i landet med størst vekst i innbyggjartal og tilflytting.
Her kjem bilete frå Ågotnes.....Snart....:)
|