|
M/S Olavson på fiske
"Olavson" er ein kombinert kvalfangstbåt og ringnotbåt frå Fedje. Familien Nilsen/Husa har drive fiske i fleire generasjonar. I 2003 fekk dei nyebåten M/S Olavson, som erstatta gamle M/S Feie.
"Olavson" er eit moderne fiskefartøy med siste teknologi for effektivt fiske.
Om vinteren er dei på sildefiske, om sommaren på kvalfangst og Makrellfiske. Om hausten er dei igjen på sildefiske. I skrivande stund ligg dei ved fryserikaien på Fedje.
På denne sida kan du sjå korleis dei jobbar til havs....
Kvalfangst
M/S Olavson skyt ca 20 kval av typen Vågekval i sommarhalvåret, dei er då enten i Nordsjøen eller i Vestfjorden. Ein kvalsesong kan vera kort, berre nokre veker, men den kan verta lang dersom veret vert dårleg i lengre periodar. Eigarane foredlar sjølv kvalkjøttet her heim på Fedje og det vert meir og meir populært med kvalkjøt, det er utan tvil ein delikatesse.
Her skyt Jan Nilsen ein Vågekval: (Alle foto:Einar Villanger)
Her er M/S Olavson
Grovarbeid med kval på dekk. (Jan Nilsen i arbeid)
Kjøtet vert nedkjølt på rister rundt på dekk i ca 15 - 20 timar. Deretter vert kjøtet isa ned i rommet. Kvalen er eit pattedyr og har ein kroppstemperatur på ca 37 grader. Derfor er det viktig å kjøle den riktig ned.
Når Olavson kjem til Fedje med last vert kjøtet tatt på land, skjert ned i passelege porsjonar for salg. Deretter vert kjøtet vaakumpakka og lagt på frys i 5 kg kartongar. For øyeblikket er det tomt for kvalkjøt på Fedje og me må venta heilt til sommaren før me igjen kan nyta denne gode maten. (Oss lure har sikra oss nokre pakkar i frysen på lur..:)
MS Olavson på sildefiske November 2006
(Foto: Einar Villanger)
Mannskap og båt reiste frå Fedje i midten av November med kurs for Vestfjorden. Refordeling gjorde at MS Olavson fekk fiske ca 110 tonn ekstra. Godt fiske i Vestfjorden og områda rundt gjorde beslutninga om å gå nord enkel. Ved ankomst Rørvik møtte dei veret med storm og vart liggande der med vaier og trosser i kaien. Men dagen etter var dei igjen på leia og kursen vart sett mot Bodø. Ein periode med mykje vind og dårleg ver forseinka starten litt, men dei kom snart i arbeid på feltet. Fleire mindre kast innbringa ca 22 tonn og vart levert i Svolvær. Det bar igjen ut på jakt og eit kast på ca 70 tonn vart levert i Senjahopen. Vel framme i Vestfjorden gjorde dei det største kastet på turen, bileta under viser ca 150 tonn med sild i nota, alt for mykje og tre andre båtar måtte tilkallast for å få pumpa si nedi for å få seg litt sølv ombord. Olavson sette punktum for sesongen 2006 og sette kursen sørover mot Liavågen ved Ålesund for leveranse.
No før Jul går tida med til vasking og litt vedlikehold, snart tar mannskapet på Olavson ein velfortjent Juleferie og ladar batteria for ein like velukka sesong i 2007. Eg var sjølv ombord i dag og fekk meg ein god kopp kaffi hjå han Odd, stemninga ombord var upåklageleg god og han Albert var og ombord og fekk seg ein rapport frå fisket...:)
MS Polarlys møter MS Olavson ved Sognuksen, Olavson på veg Nordover:
Her er silda kommen til sida ca 150 tonn: Ein nøgd Asbjørn Nilsen Husa på dekk:
Havets sølv vert pumpa ombord: Skippar Oddvar Nilsen Husa:
Glade fiskarar på dekk, Jan Nilsen og Asbjørn N Husa: Prøve må takast for å sjå rett størrelse:
Med Olavson på fiske i 2007
MS Olavson er nett kommen heim etter ein velukka sesong i Nord Norge, dei fiska kvoten sin og ligg for tida ved fryseriet. Dei har sett på land eindel utstyr som dei brukar og vil nok snart gjere seg klare for årets vågekvalsesong. I slutten av April set dei kursen enten til Nordsjøen eller til Vestfjorden for å ta kvota si på 20 dyr.
Eg jobbar for tida med å få tak i bilete frå sildesesongen og vil komma med bilete frå kvalfangsten så snart den er i gong.
Trond, 27.02.2007.
(Faktakilde: Einar Villanger)
|